• 24.05.2023 - 26.05.2023
  • 🇳🇴 Norwegen / Bergen
  • Universitetet i Bergen, Det Norske Akademis Ordbok, Nordisk forening för lexikografi
  • zur Website

Lexikografi i Norden

Temaet er Det gamle og det nye i ordbøkene.

Vi inviterer til eit breitt samansett program som omfattar alt som gjeld språkleg opphav og endring: etymologi, lån, nyord, innpassing, ord som har gått av bruk, semantisk og grammatisk endring. Også innlegg utanfor dette temaet er velkomne.

Det faglege progammet for konferansen er tredelt, og omfattar plenumsforedrag, parallelle seksjonsforedrag og ein postersesjon. Dei tre plenumsforelesarane er direktør Åse Wetås, Språkrådet, hovudredaktør Bo Wendt, SAOB og professor/direktør ph.d. Alexander Geyken, Digitales Wörterbuch der deutschen Sprache, Berlin.