- 27.11.2019 - 29.11.2019
- 🇳🇴 Norwegen / Trondheim
- Institutt for språk og litteratur (ISL) und Institutt for lærartudanning (ILU) der NTNU
- zur Website
MONS: Møte om norsk språk
MONS er den største konferansen for utforsking av norske språk og det viktigaste forumet for utveksling av resultat, idear og synspunkt knytte til forsking på norske språk uavhengig av særdisiplin og teoretisk retning. Konferansen har vorte halden annakvart år sidan 1985 og vender seg til forskarar og masterstudentar.
Konferansen byrjar onsdag ettermiddag og sluttar med lunsj fredag. Deltakarane tingar rom sjølve; dei som vil bu på konferansehotellet, kan bruke NTNUs avtalekode 59364.
VI har i år fire inviterte føredragshaldarar som til saman viser breidda i forskinga på norsk språk:
– Ingrid Lossius Falkum, Universitetet i Oslo
– Jan Kristian Hognestad, Universitetet i Stavanger
– Marit Julien, Lunds universitet
– Aditi Lahiri, Oxford-universitetet
Viktige datoar:
– 30.6. Frist for å føreslå dugnadsgrupper
– 12.8. Frist for å sende inn ordinære samandrag
– 31.8. Tilbakemelding på samandrag
– 2.9. Påmeldingsfrist (påmelding seinare er mogleg, men dyrare)