• 23.04.2021 - 24.04.2021
  • 🇳🇴 Norwegen / Bergen
  • Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking, Høgskulen på vestlandet
  • zur Website

SONE-konferansen (Sosiolingvistisk nettverk)

Sosiolingvistisk nettverk (SONE) er ein samanslutnad av forskarar ved norske universitet som arbeider med sosiolingvistiske problemstillingar av ulikt slag. SONE arrangerer årleg ein konferanse der både masterstudentar, stipendiatar og etablerte forskarar møtest for å legge fram ny forsking. Arrangementet går på omgang, og i år er Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen vertskap. SONE-konferansen 2020 var avlyst på grunn av smittevern, og vi har difor vidareført tema og mykje av programmet til den digitale SONE-konferansen 2021. Lenke til konferansen og praktisk informasjon om digital deltaking kjem på e-post til påmelde deltakarar.

Det overordna temaet for konferansen dette året er «Skriftspråk som kjelde til talespråk», men også foredrag om andre sosiolingvistiske tema er velkomne.