• 15.08.2022 - 17.08.2022
  • 🇳🇴 Norwegen / Alta
  • UiT Norges arktiske universitet
  • zur Website

Tolvte nordiske dialektologkonferansen

Temaet for konferansen denne gongen er Struktur, ideologi og mangfald. Vi vil med dette dels fokusere på tradisjonelle strukturlingvistiske tilnærmingar til talemålsvariasjon, men også ta konsekvensen av at den tolvte utgåva av konferansen blir arrangert i eit område prega av utstrakt språkkontakt og språkleg mangfald, og også ideologistyrte intervensjonar frå styresmaktene si side.

I det nordlege Noreg har talarar av samisk, kvensk/finsk og nordgermansk levd side om side, og fleirspråklegheit har til tider, i visse område, vore normen heller enn unntaket. Ein sterk assimileringspolitikk frå den norske staten si side frå siste halvdel av 1800-talet har etablert språkideologiar som har ført til utstrakt språkskifte frå samisk og kvensk/finsk og som framleis i dag pregar språkforholda i landsdelen. Samtidig har motkrefter i seinare tid skapt ein sterk revitaliseringsvilje for dei historiske minoritetsspråka som etter kvart syner tydeleg att både i form av språkpolitikk og nye talarar.